Portrettintervju i Hallingdølen November 2004:
Suksess med samtidsmusikk
![]() |
Tru det eller ei, men dette er faktisk eit musikkinstrument. Skapt av samtidsmusikaren Stein Arne Rimehaug, opphavleg frå Geilo, men no busett i USA. |
Astrid Folkedal 
Det er ikkje alle forunt å lykkast «over dammen», i alle fall ikkje om ein satsar på noko såpass smalt som samtidsmusikk. Men det er altså det 42-åringen frå Geilo, Stein Arne Rimehaug er i ferd med å gjera. I delstaten New York, der han har budd i 16 år, har han til og med fått offentlege midlar for å eksperimentere vidare med musikken sin. Og det er litt av ei bragd i eit land der det såkalla private initiativ vert framelska og dyrka.
Alt som lagar lyd
Rimehaug er utdanna fysioterapeut, og har i sitt daglege arbeid ansvar for 30 andre fysioterapeutar som tilbyr heimebehandling til folk som treng rehabilitering. Men det er musikken som skapar det heilt store engasjementet hjå geilingen. Han starta som deltids musikklærar hjå Brye på Ål, då han gjekk påvidaregåande på Gol. Då han flytta til USA, vart det jazz for alle pengane. Men etter kvart fekk Rimehaug lyst til å eksperimentere vidare, og så glei jazzen sakte men sikkert over i samtidsmusikk.
I februar gav han ut plata Aqua. Den gjekk rett på den lokaIe bestseljarlista i Rimehaug sitt heimdistrikt. Stein Arne har eigentleg piano og trompet som hovudinstrument, men han interesserer seg for det meste som kan lage lyd. Difor samlar han på musikkinstrument frå heile verda. Og han lagar sine eigne, som slett ikkje liknar på musikkinstrument i det heile.
Potteplantemusikk
Og så har han altså fått eit kulturstipend, frå delstaten New York; som satsar både på kultur- og distriktspolitikk. Då kan det løne seg å ikkje bu i sjølve byen New York, men eit godt stykke utanfor. Stipendet har opna ein del dører for geilingen.
-I sommar var eg med på ein to vekers festival med inviterte komponistar. Eg arrangerte ein såkalla workshop for improvisert musikk, fortel Rimehaug.
Og det er her det potteplante-liknande instrumentet kjem inn i biletet.
-Eg har lyst å gjera samtidsmusikk meir forståeleg og meir tilgjengeleg. Og difor har eg kanskje paradoksalt nok laga musikkutstyr som ser så lite ut som eit instrument som mogeleg, forklarar 42-åringen.
Ved hjelp av to blomsterpotter, tre stilkar ut frå kvar potte,
med kuler i enden av kvar stilk, lagar Rimehaug faktisk musikk.
-Ved å dunke eller slå på kulene oppstår det lydar og lydfrekvensar, fortel musikaren.
Rimehaug seier at hans jobb som komponist under workshopen var å velje ut lydane som skulle brukast til kvart enkelt musikkstykke. Så var det opp til deltakarane å skape. nei let seg inspirere av biletkunst som hang på veggene i rommet dei arbeidde i. Slik vart ei kvit firkanta flate tonesett med eit musikkstykke som var svært likt frå byrjinga til enden, med svært lågmælte toneval. Eit fargerikt bilete, fullt av liv, kravde heilt andre lydar. Eit tredje bilete, som synte eit hus i ein hage, fekk musikk av typen «rett fram», eller tradisjonell.
Ingen fordommar
Ved hjelp av «potteplante-instrumenta» sine, gjer Rimehaug publikum om til musikarar. Alt blir improvisert der og då. Utan tradisjonelle musikkinstrument, utan notar, utan musikarar, og utan ein plan, skapar Rimehaugs publikum musikk.
-Mest bråk?
-Nei, det vart ganske fint, smiler Rimehaug.
-Set du deg ned ved eit piano, er det lett å hamre i veg. Eg har redusert instrumentet mitt til seks ulike tonar, eller lydar om du vil. Og poenget er altså at ingenting skal sjå ut som eit musikkinstrument. For då stiller ein med heilt blanke ark, og ingen fordommar.
Sprenger grenser No ynskjer han å ta «potteplantene» og musikkvisjonane sine med seg ut på skuIane i heim-staten New York, for å skape konsertar der.
-Dei siste åra har alt som omhandlar kultur og musikk vorte stroke frå skulebudsjetta, heile musikkfaget er borte. Difor er det viktig å gjera noko nettopp her, gå inn i skuIane og tilby dei kunst og kultur. For amerikanarane har ikkje Rikskonsertane og den slags.
Noko av målet til Rimehaug er å rokke ved folk sine vanlege oppfatningar av samtids-musikk, som noko nærast elitistisk, som eit sært og opphøgd kunstuttrykk for dei særskild interesserte. Han tek samtidsmusikken ut til folket, let dei skape samtidsmusikk sjølve.
-All kunst handlar jo dessutan om å sprenge grenser. A finne nye innfallsvinklar, meiner Stein Arne Rimehaug.